Toppbilde for Bergen Urban
Profilbilde for Åpning dag 2 - Statsforvaltar Liv Signe snakkar ut

Åpning dag 2 - Statsforvaltar Liv Signe snakkar ut

Torsdag 27. august 2026 09:00 - 10:00 DNB Solheisviken

Sted: DNB Solheimsviken // Arrangør: TBA


1. september går Liv Signe Navarsete av som Statsforvaltar i Vestland. 27. august kjem ho til Bergen Urban for å gje sitt avskjedsintervju på DNB Scenen.

Liv Signe har vore ein av dei mest markante politikarane i Norge på 2000-talet. Ho har vore leiar av Senterpartiet, parlamentarisk leiar, samferdselsminister, kommunal- og regionalminister og stortingsrepresentant. Etter politikken vende ho tilbake til Vestlandet og blei Statsforvaltar i Vestland.

Vi er stolte over å invitere til eksklusivt avskjedsintervju med ein av dei mektigaste vestlendingane. Det kjem til å handle om regjering og storting, regulering og byutvikling, by og land, og mykje meir.

Møteleiar er Siri Kleiven Strøm, næringspolitiske rådgjevar i Bergen Næringsråd.