Huvudbild för Veterinärkongressen 2020
Profilbild för Lakselus og oppdrett i Noreg – forskning og forvaltning hand i hand

Lakselus og oppdrett i Noreg – forskning og forvaltning hand i hand Har passerat

Onsdag 21 oktober 2020 13:00 - 13:45 Folkhälsosymposium

Föreläsare: Björn Olav Kvamme

Symposium: Folkhälsa (VFH)

Norsk oppdrettsnæring har hatt ein enorm vekst sidan dens spede start for 40-50 år sidan. I dag produserar vi ca 1 200 millionar tonn fisk, og næringa er ei av dei viktigaste i Noreg. Intensiv produksjon i åpne nettbaserte produksjonssystemer gir ei rekkje utfordringar. Både inne i merdane, men og i forhold til påverknad på det omliggande miljøet. Helsesituasjonen i merdane er utfordrande, og infeksjonssjukdommar har stort potensiale for spredning til ville vertar. Lakselus er eit døme på eit patogen som spres frå oppdrett til villfisk, og denne parasitten har over lang tid blitt det største problemet for næring og forvaltning. I 2017 vart eit nytt forvaltningssystem basert på miljømessig bærekraft vedtatt i Norge. Tilrettelegging for og oppfølging av dette systemet krever gode data, og Noregs lange kyst gjer at ein må ta i bruk avanserte datamodellar for å kunne vurdere tilstanden langs heile kysten. 


Föreläsare

Profilbild för Björn Olav Kvamme

Björn Olav Kvamme Föreläsare

Havsforskningsinstitutet, Norge

Eg er forskningssjef ved Havforskningsinstiuttet og leder forskningsgruppa Smittespreiing og Sjukdom. Min bakgrunn er frå molekylærbiologi med Dr. scient grad på karakterisering av gener for fordøyelsesenzymer (trypsiner) i lakselus frå 2005. Etter Dr. graden jobba eg fleire år som postdoktor innan ulike velferds- og fiskehelseprosjekter med vekt på molekylære analyser av effektene av stress på immunsystemet hos laks i oppdrett. I 2009 vart eg fast ansatt som forskar ved instittuttet, og jobba primært med fiskehelseproblemstillingar innan akvakultur. I 2012 overtok eg ansvaret for forskningsgruppa, og har sidan hatt ansvaret for denne. Gruppa sin aktivitet spenner over lakselus, fiske- og skjellhelse, legemidler og økosystempåverknad frå oppdrett. Mine oppgåver er no meir administrative og overordna. Men, eg er framleis innvolvert i lakselusarbeidet og i fiskehelseprosjekter. Eg har spesiell interesse for smittespreiing frå oppdrett til villfisk, samt å studere mottakelegheit og konsekvens av infeksjonar i andre artar enn laks, som for eksempel røye og aure.